– Som vanleg blir det ein innhaldsrik og variert haust i regionen si storstove. Fleire av arrangementa har vore kjende lenge, med tilhøyrande godt billettsal, no er heile programmet for hausten lansert, heiter det i ei pressemelding frå Operahuset Nordfjord.

– Ein kanonhaust

Operahusleiar og kultursjef Geir Holmen har vanskar med å trekkje fram høgdepunkt blant arrangementa.

– Det blir ein kanonhaust med jubileumsframsyninga til Opera Nordfjord, og eg gler meg også veldig til Annie, ein fantastisk musikal med ungt stjernelag frå Nordfjord. Å få sjå og høyre Johnny Logan på scena i operahuset blir ei spesiell oppleving for oss som såg han på fjernsynet på 80-talet, seier Holmen.

Gjesteartist: Johnny Logan har fått tittelen gjesteartist når Hanne Krogh og koret Stormklang besøker operahuset 6. desember. Med seg har dei også tenoren Thomas Ruud. Pressefoto

Hausten blir opna med «Trio Mediaeval». Torsdag 6. september syng Anna Maria Friman, Linn Andrea Fuglseth og Jorunn Lovise Husan nordiske folketonar og engelsk mellomaldermusikk. Folkeakademiet Sogn og Fjordane står bak turneen, som også inneheld konsertar i Sogn og Sunnfjord i tillegg til denne eine i Nordfjord.

Operajubileum

Opera Nordfjord fyller 20 år i år, og feirar det med to produksjonar: La Bohème og Annie.

– Den vitale 20-åringen gjorde stor suksess med La Bohème i 2000, og 3.–13. oktober er endeleg tida inne for eit kjært gjensyn med dei sjarmerande bohemane i ein av verdas mest spelte og høgt elska operaer, heiter det i meldinga.

Annie tek over operascena vel ein månad etter La Bohème. Sol Alme Brendefur frå Hornindal skal spele tittelrolla, og dei andre unge solistane kjem frå Gloppen og Eid. Annie blir vist 23., 24. og 25. november og passar for heile familien.

Elles denne hausten kan ein få med seg Henning Kvitnes og «Gutta i bandet», Vamp, Eva Weel Skram, Oslo Ess i Gymmen og Karius og Baktus.

Det blir også fleire julekonsertar i operahuset. Ole Edvard Antonsen, Hanne Krogh og koret Stormklang med gjesteartistar som Johnny Logan og stjernetenoren Thomas Ruud, syskena Helgesen med familie og vener og juleturneen til MGP-junior legg alle turen innom Operahuset Nordfjord før jul.