Vestkapp ligg på toppen av fjellet Kjerringa på Stadhalvøya og byr på gode vêrdagar på panoramautsikt der ein kan sjå til Sunnmørsalpane og omkringliggande naturområde. Platået ligg på 500 meters høgde på toppen av fjellet og byr på utsikt så langt auge rekkjer.

I løpet av sommaren opnar eit etterlengta tilbod opp att på toppen. Etter fleire år utan servering, opnar det nyrestaurerte Vestkapp-huset opp att. Då blir det også kafé og restaurant på toppen av Vestkapp.

Der er planen at det skal vere ope dagleg i sommarsesongen og deretter i helgar og etter bestilling.

Her kan du lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region, i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.