– Etter at Marit Grytnes Dullaert tidlegare i vår melde ifrå om at ho ikkje lenger har anledning til å vere regissør for Elskhug og eksis, har styret i Elskhug og eksis vore så heldig å få tak i ein ny og dyktig regissør ifrå Hornindal, heiter det i ei pressemelding.

Stokkeland har hatt fleire større roller og samarbeidd med mellom anna NRK, Rubicon, Viafilm og Opera Nordfjord.

Den nye regissøren har lokale røter som går rett inn i stykket, og ho har allereie klare idear om korleis stykket kan utviklast vidare, så arbeidet med neste års produksjon er allereie i full gang.

Styret kan røpe at det vil bli arrangert workshops/teaterverkstader både på Eid, Hornindal, Stryn, Sandane og i Måløy.

Ifølge pressemeldinga kjem dette i staden for at ein må kome inn til ein tradisjonell audition og synge eller opptre aleine. På workshopen får ein prøve seg på ulike skodespelaroppgåver ilag med andre, oppgåver som skal vere heilt greie for alle å meistre.

– Den nye regissøren og styret ser fram til Elskhug og eksis 2019 og håpar at mange vil melde si interesse til å vere med på scena!