Dei fekk dermed ei innføring i korleis det var å sitte på skulebenken for kring 100 år sidan.

– Dei får lære litt om kva dei måtte lære på den tida, og det var litt meir strengt på den tida, fortel Roald Refvik.

Han er initiativtakar til det nye skulemuseet på Raudeberg og hadde første skuleklasse på besøk i dag. Der fekk elevane ein levande historietime om korleis det var å leve for 100 år sidan, og korleis det var å gå på skulen. Elevane fekk også vere statistar i historietimen, der dei mellom anna måtte stå i skammekroken om dei ikkje hadde gjort leksa si.

Skulemuseet er kome på plass etter eit halvt års arbeid, og ligg i Mairitm Park på Raudeberg. Her er mellom anna historie frå dei seks skulane som tidlegare fantes på Nord-Vågsøy, samt frå gamle Vågsøy ungdomsskule samla. Planen er at alle femteklassingane i Vågsøy skal komme dit i løpet av hausten for omvisning og historietime.

Les meir om skulemuseet i papirutgåva fredag.