Galleri Frøya fyller 15 år i år og feirar med å ha fleire utstillingar i sommar. Første  utstilling er «Fra en kvinnes hånd», som står i galleriet fram til 7. juli og viser tekstilarbeid i ulike teknikkar frå fleire land.  9. juli opnar utstilling med Anne Marit Varpen og Sylvi Aambø med måleri og grafikk frå fargerike kunstnarar. Utstillinga står fram til den første veka i august, då får ein oppleve utstillinga «Vår verden» med kreative arbeid frå Rita Borgundvåg og Anett K. Kennedy.

Utstillinga står under Kalvåg kystfestival 3.-5. august, og då blir det mogeleg å kjøpe kaffi og noko  å bite i på Galleritaket. I Galleri Butikken finn ein også eit godt utval av kunsthandverk og gardsmat.

Her kan du lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region, i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.