Med opninga av Kystpilegrimsleia har Selja blitt ein av fem nøkkelstadar i fylket. Styreleiar Marita Aarvik trur eit resultat blir at det vil kome fleire pilegrimar til Selje.

– Ja, det trur eg heilt sikkert. Eg trur også at det vil bli meir av pilegrimar generelt, for folk har behov for å kome seg vekk frå det enorme jaget i kvardagane, seier Aarvik.

Selja viktig mål

Opningsseglasen for den nye nasjonale kystpilegrimsleia frå Egersund til Nidaros hadde søndag stopp i Selje. Leia er også ein av St. Olavsvegane til Trondheim, og har fått status som Europeisk kulturveg. Opningsseglasen starta 1. juni i Egersund og 24. juni kjem redningsskøyta Risør II til Trondheim, etter at det har vore offisiell markering av leia dagen før på Smøla. Kystpilegrimsleia har historisk vore ein av dei viktigaste og mest brukte ferdselsvegane til Nidaros, og Selja er rekna som eitt av det viktigaste og mest kjende måla langs kysten.

– Det er ganske staselege titlar vi har fått på kysten vår no. Og det blir spennande å sjå kva vi greier å gjere på nøkkelstadene. At vi greier å presentere dei gode overnattingane, måltida og opplevingane i kommunen vår. Det viktige i dette her er at flest mogleg menneske skal oppleve kystpilegrimsleia, seier Aarvik, og viser til at ein til dømes kan komme seg på Kinnaspelet med rullestol.

Universell utforming kan bli vanskeleg å få til i til dømes Sunnivahola på Selja.

– Men det blir viktig at vi greier å legge heller i bakken på ein så fin måte at vi kan legge til rette for alle menneske å besøke heilagdomen. Det er viktig for å kunne meditere i ro og fred. Å vere pilegrim er å gå vekk frå det vanlege i kvardagen, å søke ro.

Pilegrimspass

Dei fem nøkkelstadene i Sogn og Fjordane er Kvernsteinsparken, Gulatinget, Svanøy, Kinn og Selja.

– Når ein besøker nøkkelstadane vil ein få eit eigenarta stempel i pilegrimspasset. Når ein har minst fem stempel, så skal ein komme med båt inn til Trondheim og så har ein moglegheit til å få pilegrimsbrev, som er ein stadfesting på at ein har vandra som pilegrim. Pilegrimsbrevet blir utferdiga av biskopen, fortel ho.

Ein ny app, Aispot, skal også gjere det lettare å finne informasjon om leia, og alt ein kan gjere på dei ulike nøkkelstadene.