– At den første turen vår utanlands skulle gå så fint, hadde vi ikkje trudd. Dei fem dagane var ei stor oppleving, skriv koret i ei melding til Fjordenes Tidende.

På festivalen var det store og små kor med ulike musikkstilar, frå eit shantykor med trekkspel til kammerkor. Frisk Bris hadde to framføringar i denne byen, samt ein konsert der dei song i lag med 500 andre korsongarar og brassband-orkesteret Juliana frå Marken i Nederland.

– Det nederlandske publikummet var svært fornøgd og satt pris på både våre norske og engelske songar. Organist og korpianist Jon Inge Sigerland hadde også ein bolk i to av konsertane der han spela musikkstykke av Grieg. Ein stad fekk vi også ståande applaus. Dirigenten, Unni Bosnes Eltvik, har jobba iherdig for at vi skulle vise oss frå vår beste side, fortel koret vidare.

Spesielt blei Selje-koret godt motteke i den vesle byen Zuiderwoude der dei hadde sin siste konsert på turen.

– Her vart vi også bedne på kyrkjekaffi etter konserten, altså kvitvin og snacks.  Ein vanleg trend der som enno ikkje har kome til Nordfjord.

Alle brosjyrane Frisk Bris hadde med om Selje var borte vekk og kormedlemmane håpar å sjå nokre av nederlendarane som turistar på våre kantar.

– Å vere i eit land med så forskjellig natur som Norge er fasinerande. Ikkje eit fjell å sjå nokon stad. Berre opne flate markar, rytmisk oppdelt av kanalar.

Ein dag hadde koret sett av til sightseeing i Amsterdam. På dagen var det tur innom Van Gogh Museet og vandring rund i byen. Om kvelden blei det båttur på kanalane i Amsterdam.

– Guidane våre Bert og Theja Ulken, som opphaveleg kjem frå Zuiderwoude, no busett på Salt i Selje, sørgja for at vi fekk med oss det viktigaste, samanfattar koret, som takkar alle som gjorde det mogleg for dei å delta på korfestivalen.