Flåmsbana viser fram noko av det mest spektakulære norsk natur har å by på. Det er ein av verdas brattaste jernbanestrekningar på normalspor, og går frå havnivå i Flåm i Aurlandsfjorden, til høgfjellsstasjonen Myrdal på 865 meter over havet.

Turen går forbi bratte fjellveggar, fossefall og gjennom 20 tunnelar. Interessa for Flåmsbana har også nådd kjende Lonely Planet traveller, som i 2014 kåra Flåmsbana til verdas beste togreise.

Her kan du lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region, i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.