I år skal det også markerast at det er har gått nokre år sidan Sølvi Hopland Aemmer opna fyret for publikum.

– Ja, det skal markerast i løpet av sommaren at det er 15 år sidan eg fekk starte på draumeprosjektet mitt, seier ho, og opplyser at ein kan følge med på Facebook for å sjå kva slags påfunn dei kjem opp med.

Ho ser for seg at det i alle fall må markerast helga 10.–12. august sidan det då er nøyaktig 15 år sidan snora blei klipt.

– Det blir også ein del aktivitetar for barn denne sommaren, fortel Hopland Aemmer, og nemner ansiktsmåling, sporløp og liknande.

Til å hjelpe seg i sommar har ho prøvd noko heilt nytt.

– Eg fått på plass ein spennande gjeng som skal jobbe her, som eg ikkje kjenner, og som ikkje kjenner kvarandre, så det blir skikkeleg leirstemning. Dei er mellom 17 og 55 år, frå rundt omkring i Norge og Danmark. Eg har funne dei på Facebook. Sånt likar eg. Det gjer livet spennande! seier Hopland Aemmer, som ser fram mot sesongopning.

– Det blir ein fin fyrsommar. Det er berre så idyllisk her!