Sentralt under årets Seljumannamesse blir feiring av at Bjørgvin bispedøme er 950 år. H.M. Dronning Sonja vil vere til stades. Seljumannamessa blir leia av biskop Halvor Nordhaug som også vil preike. Også biskop i Nidaros Herborg Finnset, biskop Bernt Eidsvig i Den katolske kyrkja, Bergen domkor og prosjektkor frå heile bispedømet deltek også.

Om lag 1068 e. Kr oppretta Olav Kyrre eit vestnorsk bispedøme med bispesete på øya Selja. Dei heilage frå Selja var så viktige for den unge kyrkja i Norge at Selja blei eit tidleg kraftsentrum i norsk kyrkjehistorie. Bjørgvin bispedøme dekkjer i dag heile Hordaland og Sogn og Fjordane med 182 sokn i 59 kommunar.

I 1968 besøkte dåverande Kong Olav og Kronprins Harald med Sonja Haraldsen øya Selja i samband med 900-årsjubileet for Bjørgvin bispedøme. Dette var eit av dei fyrste offisielle programma for det nyforlova paret kronprins Harald og Sonja. I år vil H. M Dronning Sonja vitje Selja att i samband med 950 årsjubileet.