– Vi lagar til Sommaraktive Stadt for å skape aktivitet for oss som bur her, og dei som kjem heim på ferie og tilreisande. Dette er noko som skapar positivitet og engasjement i bygda. Det er veldig inn i tida å flytte heim til Stad, og vi håpar vi kan bidra til dette ved at liv, røre og ei aktiv bygd kan lokke folk heim, fortel arrangør Tone Drage i Sommaraktive Stadt.

Dette er tredje året aktivitetsveka går av stabelen og ifølge Drage har arrangementet vokse seg større år for år.

– Aktivitetsveka var godt tatt imot første gong, og så har den vokse. No har vi åtte dagar med aktivitetar for kvar ein smak. Vi har utruleg mange flinke frivillige med oss, og eit fantastisk næringsliv, seier ho, og utdjupar:

– Eg må spesielt få trekke fram William Dalsbø. Han er i 20-åra og stiller opp kva enn det skal vere. Han seier alltid ja, og er eit godt døme på at ungdomane kan vere med og arrangere.

Sparka i gang med fotballdag

Fredag vart Sommaraktive Stad sparka i gang, passande nok med ein fotballdag for store og små.

– Det var meir folk enn det nokon gong har vore. Vi hadde mange bedrifter som stilte lag, og som til og med hadde kledd seg ut. På kvelden var det pubquiz og pizzabuffet, forklarar Drage, som vidare fortel at det laurdag var aktivitetsdag i Korsen-

– Her var det mellom anna riding, ansiktsmåling, fletting og tilbod om helikopterturar. På kvelden var vi i Hoddevik og feira jonsok. Der hadde vi også tvekampar, som var inspirert av Farmen-øvingar.

Søndag vart det arrangert vassdag i hamna på Leikanger. Her meiner arrangørane det var opp mot 500 personar som møtte fram.

– Det var ein heilt fantastisk dag med mykje aktivitetar og eit fantastisk vêr, samanfattar Drage.

Høgdepunkt i kø

Under Sommaraktive Stadt skal det vere aktivitetar heile denne veka også. Arrangementet blir avslutta med den tradisjonsrike Korsadagen laurdag, men før den tid har arrangørane mange postar på programmet.

– Vi har to dagar med surfing og to dagar med volleyball i tillegg til paintball, skyting, sykkeldag og ein guida tur over til Selje, før det heile blir avslutta med Korsadagen laurdag, seier Drage, og legg til:

– Når vi er ferdige med den første dagen er vi veldig fornøgde, og når dag to så er over, meiner vi den overgår den førre og så vidare. Det er vanskeleg å trekke fram eit høgdepunkt.