Flyr inn til showstart

DDE varmar opp med konsert i Nesbyen før dei kjem til Refvik og Strandfestivalen i helikopter.

DDE er først ut av headlinerane under årets strandfestival. Dei kjem direkte frå spelejobb i Nesbyen og landar i helikopter like før showstart. – Dette er vi vande med så det skal gå heilt fint, vi gler oss til å spele på Refvik, seier Eskil Brøndbo som er trommeslager. Pressefoto 

Kultur

– Vi er veldig klare for å spele på Strandfestivalen, det er stas med litt nye plassar, fortel Eskil Brøndbo.

Han er trommeslagar i DDE, som laurdag er ein av to headlinerar på Strandfestivalen i Refvik. Dei kjem rett frå spelejobb i Nesbyen, men kan forsikre om at det ikkje vil legge ein dempar på showet på Strandfestivalen.

– Vi er vande med å ha to jobbar på same dag, og då må ein gjerne reise med småfly eller helikopter, forklarar han og fortel at dei ikkje er bekymra for at dei ikkje skal nå Refvik i tide.

– Det er arrangøren i Nesbyen som ordnar med transporten, men vi har ein god sikkerheitsmargin, i tillegg til gode vêrmeldingar, påpeiker trommeslagaren.

Han oppmodar folk til å ta turen til Strandfestivalen, og lovar eit forrykande show.

– Kvar sommar prøvar vi å øve inn nye show, og lyd- og lyseffektar er av ypparste klasse, fortel han.

Brøndbo lovar samtidig at repertoaret også vil vere variert.

– Nokre vil kanskje få seg ei overrasking med litt nye låtar, men det er ikkje til å unngå at vi må spele dei gode, gamle. Det blir ei fin blanding og stor stemning, seier han.

Kent Rune Bu­gjer­de sit i ar­ran­gør­grup­pa og for­tel at dei sy­nest det er stas med ar­tis­tar som både er lo­ka­le og internasjonale.

– Det er vel­dig kult at så sto­re ar­tis­tar kan kome tilbake og spe­le, sei­er han og for­tel at dei er kla­re for å ta i mot ar­tis­ta­ne.

– Vi er i rute takka vere alle som vil hjelpe til. Folk frå hei­le kom­mu­nen er vel­dig po­si­ti­ve til å bi­dra, så det er utru­leg kjekt – og ik­kje minst vik­tig, på­pei­ker han.

Bu­gjer­de for­tel at det så langt er seld flei­re bil­let­tar enn i fjor, men opp­mo­dar folk om å be­stil­le på føre­hand.

– Det er mykje en­k­la­re enn å stå i kø på fes­ti­va­len, un­der­stre­kar han, og legg til at dei som vil nyt­te seg av buss­til­bo­det til og frå kon­ser­ten på dag­tid på hug­se å mel­de seg på.

Han og res­ten av ko­mi­te­en lo­var eit for­ry­kan­de kvelds­show, når fes­ti­va­len i år skal gå føre seg un­der open him­mel.

– Der­som vi er hel­di­ge får vi attpåtil sjå sola gå i ha­vet når DDE spe­lar, sei­er han.