Tungevaag & Raaban står så kla­re for å run­de det hei­le av et­ter DDE, og Martin Tungevaag for­tel at pub­li­kum mellom anna kan vente seg ein heilt ny låt.

– Det­te blir første gong vi spe­lar den, så det blir ei pre­mie­re for pub­li­kum på fes­ti­va­len, for­kla­rar han på te­le­fon frå Ja­pan.

Duoen har fullt pro­gram kvar helg gjen­nom som­ma­ren, og Strand­fes­ti­va­len blir éin av tre kon­ser­tar i Norge i som­mar.

– Det er utru­leg kjekt å en­de­leg få spe­le i nær­om­rå­det igjen. Eg fø­ler jo at eg er heime, for­tel Martin Tungevaag som opp­hav­leg kjem frå Stad.

Sjølv om han spe­lar på sto­re sce­ner ver­da over, set han stor pris på å stå på mind­re sce­ner.

– Det­te er nes­ten slik som med mat. Ein må ha litt for­skjel­lig for å ik­kje bli lei, ler han.

I til­legg til å ser­ve­re ein fersk låt skal dei spe­le eig­ne hits, og dei får også sel­skap av An­drea San­ti­ago på ein av lå­ta­ne. Dei spe­lar òg på ung­doms­kon­ser­ten som blir ar­ran­gert på dag­tid laur­dag.

– Eg sy­nest det er litt dumt at ik­kje alle skal få høy­re oss når vi først er der, så der­for tak­ka vi ja med ein gong vi vart spur­de om kon­ser­ten på dag­tid, for­kla­rar, han og legg til at han hå­par folk tek tu­ren.

Sjølv lan­dar han i Åle­sund fre­dag og reiser rett på strandfes­ti­val laur­dag, et­ter å ha vore in­nom både Shang­hai, Bei­jing og Tokyo.

– Mu­sik­ken er be­gynt å slå gjen­nom i Asia, så det er utru­leg kjekt, slår han fast.