Havsalt sommar:

Eit historisk høgdepunkt

Her får du tips om kva du kan gjere som turist i vår eigen region.
Kultur

Om ein interesserer seg for historia rundt Måløyraidet og kaptein Martin Linge, er Måløyraidsenteret midt i sentrum av Måløy eit «must».

Senteret opnar dørene i løpet av sommaren og gir ei grundig innføring i historia rundt Operation Archery, eller Måløyraidet, som skjedde 3. juledag 1941.

Senteret har utstilling i to etasjar. Andre etasje er via til historia rundt sjølve Måløyraidet, som føregjekk i gata rett utanfor, med forhistoria, kamphandlingane og verknadene Tredje etasje i senteret er sett av til kaptein Martin Linge, Kompani Linge og historia rundt Shetlandsfarten.

Her kan du lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region, i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.