Sentrum av Eid er rik på historie som ein kan ta ei vandring i. Sagaløypa er ei vandringsløype som tek utgangspunkt i vikingtida, gravhaugane og Myklebust gard. Løypa kan ein gå utan guide, og den er merka med informasjonsskilt langs ruta. QR-kode på skilta gir informasjonen på fleire språk.

Om ein interesserer seg for det historiske bymiljøet i Eidsgata, Tverrgata, Eksersisplassen, garden Myklebust og gravhaugane, kan ein også bestille ei historisk vandring på Turistinformasjonen. Riksantikvaren har rekna desse som stadane som nokre av dei viktigaste historiske områda i Norge.

Her kan du lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region, i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.