Reidun Øvrebotten og Kulturhuset Heimen i Bremanger byr i tillegg til dei faste utstillingane i huset på sommarutstilling med Nico Widerberg sine skulpturar og bilde, som blir ståande heilt til 12. august.

Kulturhuset Heimen har elles dei faste kystkulturutstillingane «Minne om Maria, ein hyllest til kystkvinna», Rylandspynten - brudekruna frå Ryland, og Aase Botnmark frå Botnane sine klassiske skulpturar. Meir lokalhistorie får ein frå kortfilmen «Heimen», som handlar om fråhaldsrøyrsla si historie knytt til kulturhuset Heimen, som blir vist på skjerm. Kvar laurdag og søndag er det ope i kafe Aletta, der kan ein få seg både kaffi og sveler. Dersom ein ønskjer visningar utanom opningstidene kan ein ta kontakt.

Her kan du lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region, i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.