Stor jubel på fylkesleir

Denne helga samlast mellom 150 og 200 4H-arar frå heile Sogn og Fjordane til fylkesleir i Kjølsdalen.
Kultur

Denne helga har 4H-arar frå fylket vore med på fjellturar og deltatt på aktivitetar som matlaging, vikingliv, skyting, leikarring og dans, kajakk, klatring, golf, besøk på hjortefarm, paintball, hest og spikking.

Det har også vore ulike tevlingar i år, som tidlegare år. Både tautrekking og volleyball har stått på programmet.