Etter ni dagar med Sommaraktive Stad vart det heile runda av med den tradisjonsrike Korsadagen laurdag.

– Det vart ei fantastisk flott avslutning med mykje folk, svære kakebord, stands og god underhaldning frå scena, fortel arrangørane.

Fornøgd med oppmøte

Renate Hjelle er leiar i grendehuset på Stadlandet, og er strålande fornøgd med gjennomføringa av årets Korsadag på Stadlandet.

– Det var fleire hundre menneske til stades, og vi var jo veldig heldige med vêret, påpeiker ho.

Hjelle fortel at det både var underhaldning, matservering og fleire ulike typar stands på plass i Korsen denne dagen.

– Det har alltid vore stands, men aldri så mange som i år. Det er jo stas!, fortel ho.

I løpet av veka har folk hatt moglegheit til å delta på ulike aktivitetar i vatnet, volleyballturnering, helikopterturar, guida fotturar og skyting. Særleg helikopterturane, som er eit nytt tilbod i år, har vore populære.

– Helikopteret var der to gongar i løpet av veka, utan at alle som ville vere med fekk plass. Det tyder på at det er stort å få sjå vakre Stad frå lufta, seier arrangørane.

Starta kronerulling

Under Korsadagen tok Hjelle også imot ein sjekk på 25.000 kroner frå Stadpipe, på vegner av grendehuset.

– Det vart starta kronerulling privat i mai for å få på plass nye bord og stolar slik at ein kan halde både nylonstrømper og finkjolar like heile, ler ho, og fortel at det no skal bli nytt møblement i matsalen i grendehuset.

Laurdagskvelden var det duka for dans med Pink Six, med Annette Myre Silden og Bjørn Engelbrektsson.

– Pink Six avslutta det heile med god og gammaldags dans i grendehuset, kor det var 140 som løyste billett. I tillegg kom det fleire etter at vi slutta å ta billett, så vi er veldig fornøgde med frammøte, samanfattar Hjelle, og viser til arrangement i Selje og i Refvik.

– Når ein må dele på publikum med fleire gode arrangement så skal ein seie seg fornøgd med at så mange tok turen, seier ho.

Hjelle takkar samtidig alle dei frivillige som har stilt opp for å få arrangementet i hamn.

– Vi kan ikkje gjere anna enn å takke dei som seier ja og engasjerer seg, både privatpersonar og bedrifter. Det hadde jo ikkje gått utan.