Namn: Canet N. Nordpoll

Alder: 48

Bustad: Nordpoll

Sivilstand: gift

Yrke: designer

– Kva planar har du for sommaren?

– Skal kose meg heime og nyte finevêret, og så vert det nok nokre småturar.

– Kva har du alltid med deg i kofferten, og kva er ditt beste pakketips?

– Eg har alltid med meg nål og tråd, og mitt beste pakketips er å lage pakkeliste god tid i forkant. Når tida er inne for å pakke, er det berre å hive alt på lista opp i kofferten.

– Kva er ditt beste ferieminne?

– Alle dei fine kveldane vi har grilla på verandaen vår med familie og venner.

– Kva kjendis ville du tatt med til ei øde øy?

– Trur ikkje eg hadde orka å ta med andre enn mannen min på ei øde øy. Hadde vore utruleg travelt om kjemien ikkje stemmer med ein framand.

– Kor ville du tatt med deg dine sommergjestar?

– Til Nordpollen. Her kan ein fiske i dalen vår, ta ein båttur eller berre finne roen på verandaen med gode reker.

– Blir du vêrsjuk om regnet høljar ned?

– Nei, eg blir aldri vêrsjuk og det trur eg er irriterande for mange andre. Overskya vêr og litt regn er bare deilig.

– Kor liker du best å bade?

– Eg er blitt pysete med alderen, så det gjer eg helst når vi er på tur til varmare strøk. Hvis ikkje må eg ha våtdrakt.

– Kva fjelltopp er den finaste om sommaren?

– Eg hatar å gå på fjelltoppar, eg ønsker helst å bli flydd opp og gå der i frå. Ein liten tur i dalen gjer godt.

– Kva tenker du om å ta ferie frå sosiale medium?

– Å skru av telefonen er ikkje noko problem for meg, eg er ikkje ein av dei avhengige. Synest fleire skulle ha prøvd å ha fokus på det som er rundt ein, og ikkje på kva som skjer på sosiale medium.

– Kva eldsjel fortjener ein kurv med jordbær?

– Mine foreldre, dei stiller alltid opp, berre synd at mange kilometer skiller oss.