– Eg er veldig glad for at folk har trua på meg og støttar meg i dei draumane eg har i musikklivet. Eg har berre fått støtte og positive tilbakemeldingar heile vegen, fortel Santiago.

Drømmestipendet på 15.000 kroner skal gå til å ta nye steg i musikkarrieren.

– Det skal gå til framtida mi. Om dei går til å betale for å gå på ein musikkhøgskule eller om eg lagar meg eit eige studio, det veit eg ikkje, men dei skal uansett gå til musikken.

I tillegg til å ta imot Drømmestipendet var Santiago ein av artistane som stod på scena under festivalen i helga.

– Det er ein av dei kjekkaste tinga eg har gjort. Eg veit ikkje heilt kvifor, men det har med energien eg fekk då eg stod på scena. I tillegg fekk eg synge saman med ein av Norge sine største EDM-artistar. Eg er skikkeleg stor fan, så det var stas, seier måløyværingen om å dele scene med artisten Tungevaag frå Stadlandet.

Santiago understrekar at ho synast det var kjekt å synge på barne- og ungdomsarrangementet på dagtid i Refvik.

– Eg var veldig overraska over kor mange som møtte fram. I tillegg var det nokre som hadde skrive Andrea i panna. Eg skjøner nesten ikkje at det er meg dei har kome for å sjå, smiler artisten, som skreiv autografar til barna og ungdomane i over ein halvtime etter konserten.

Du kan lese meir om Strandfestivalen i Fjordenes Tidende tysdag.