Havsalt sommar:

Utstilling i gamal tømmerstove

Her får du tips om kva du kan gjere som turist i vår eigen region.

  Foto: Siri Kolseth

Kultur

Torill Bernatek driv Lundgarden på Tunheim på Fiskå. Der har ho atelier og ei gamal tømmerstove der det blir utstilling i sommar. Elisabeth Tunheim og Mads Svendsen-Merbeth skal stille ut på Lundgarden frå 9. juni til 1. august 2018. 

Bernatek har ikkje faste opningstider, men Lundgarden er open når det står plakat ved vegen, og ho kan elles halde ope på førespurnad. Når det er ope, har Bernatek enkel servering.

Her kan du lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region, i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.