Briksdalsbreen er ein arm av Jostedalsbreen som er den største breen på det europeiske fastlandet. Breen i enden av Briksdalen er ein av dei største naturattraksjonane i Norge. Den slyngar seg nedover den tronge dalen frå 1.200 meter høgde og ligg i enden av Oldedalen.

Frå Briksdalsbre fjellstove er det grusveg til breen der tusenvis av turistar finn vegen kvart år.

Her kan du lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region, i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.