Miniutgåva av det komande fiskerimuseet i Måløy held til på Lekteren i Måløy. Her er fiskerihistoriske gjenstandar stilt ut og ein kan mellom anna lære meir om historia til linefiske og isproduksjon. Pigghåskinning, pakking av pigghå, egning av liner på land og om bord samt det som gjekk føre seg på budene, er også noko av det ein kan lære meir om.

Utstillinga står i det spesielle åttekanta rommet med utsikt til hamna og byen. Museet har ope laurdagar frå 9. juni fram til 11. august, men utvidar under Måløydagene, Havfiskefestivalen og Elvisfestivalen.

Her kan du lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region, i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.