– Dette er eit skup, seier styremedlem Geir Tharaldsen i The Norwegian Elvis Festival.

Filmen Elvis '68 skal visast fredagen under festivalen, som går av stabelen 9.-11. august.

Tharaldsen fortel at det kokar i alle meldingskanalar inn til norske kinosjefar frå elvisfans om dei må sette opp filmen på deira lokale kino. Bergen og Sandefjord er blant dei som alt har bestemt seg for å sette opp filmen.

– Som det går fram av plakaten er første visingsdag sett til 16.august, men i Måløy har vi fått dispensasjon til å vise den veka før, smiler Tharaldsen.

Filmen heiter Elvis '68 Comeback Special. TV-spesialen med same namn vart produsert sommaren og hausten 1968 og vart vist på NBC TV 3. desember 1968, og fyller 50 år i år.

– Til dette showet finnast det fem timar råmateriale, og filmen viser 90 av dei beste minutta frå showet. Produsenten Steve Binder og Priscilla Presley fortel i filmen frå «behind the scene» om korleis showet vart forvandla frå eit juleshow, som Elvis sin manager Parker ville ha, til tidenes comeback i rockehistorien, forklarar Tharaldsen, som fortset:

– Hollywood hadde halde Elvis vekke fra liveframføringar i sju år og fansen var spente på kva Elvis dei fekk tilbake. Det vart ein legendarisk konsert som krystallklart viste at der berre var ein konge.

Billettar til kinoframsyninga blir lagt ut i neste veke.