Stokkenes Golf Park ligg rett ved Eidselva, og er ei 9-hòls bane. Bana opna i 2006 og er relativt kort, men har naturlege terrassar for kvart hòl. Den held ein høg standard, og både bane og driving range kan brukast dag som kveld.

I 2012 fekk bana eit nytt øvingsområde for alle med green, bunker og rangetrening. Nordfjord Golfklubb sine medlemmar held bana ved like og arrangerer også turneringar gjennom sommaren. Ein kan få opplæringskurs i golf, og dersom ein avtalar med klubben på førehand er det mogeleg å få leige utstyr.

Her kan du lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region, i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.