Vingenfeltet er eitt av dei største helleristingsfelta i Nord-Europa. Det unike feltet inneheld minst 2.000 ulike helleristingar frå cirka 4000-2000 år f.Kr. Det var fjellklatraren Kristian Bing som oppdaga Vingenfeltet i 1912.

Feltet og det omkringliggande landskapet blei i 2002 freda av Riksantikvaren. Det er derfor sett ned forbod mot ferdsle utan særskilt løyve. Det er mogeleg å oppleve helleristingane dersom ein har avtale med turistkontoret i kommunen, som ordnar med guide.

Det er sett opp guida turar kvar fredag frå 15. juni til 24. august med båt.

Her kan du lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region, i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.