Eidsgata kokte under gatematfestivalen

– I eit år der vi både har opna Aske og pussa opp Minibakeriet har det vore hektisk å skulle organisere gatematfestivalen på toppen. Men når folk strøymer til, sola skin og alle er nøgde, er det verd alt arbeidet, seier initiativtakar og leiar for Eid Gatematfestival Leon Knapskog.

– Eg føler vel nesten litt forventningspress.

Gjentok suksessen

Då Eid Gatematfestival vart arrangert for første gong i 2017, venta Knapskog og hjelparane 300 besøkande. Det vart anslått at 3.000 menneske møtte fram. Det var i alle fall ikkje færre folk på årets festival. Og i år var arrangementet rigga for å ta imot fleire. Det som var av køar gjekk raskt unna, og det var høve til å smake seg gjennom gata på ulike standar.

Her var alt frå saft produsert av vekstar frå eigen hage, til bacalao laga av klippfisk frå Måløy, spekekjøt av kystgeit, taco av boargeit og grilla svineknokar. Smakar frå andre verdshjørne krydra menyen.

Har lært frå i fjor

Med festivalen frå i fjor friskt i minne, vart det i år teke grep for å lage ein endå betre festival.

– Vi har teke konsekvensen av erfaringane frå i fjor og var førebudde. Vi har fleire standar, om lag 30, og vi har fleire folk som jobbar. Mellom anna har vi eigne folk som tek bestillingar, tek betaling og som ryddar. Det er lettare å arrangere når du har erfaringar å byggje på. I fjor ante vi ikkje kva som venta oss, seier Knapskog.

Han hadde allereie idear for korleis festivalen kan utvikle seg neste år då vi snakka med han.

– Det kan vere aktuelt å utvide arrangementet utover kvelden.

Ifølgje arrangøren var det god omsetnad på festivalen.

– Dei som har standar er nøgde, det gjer det sjølvsagt lettare å halde fram.

– Nydeleg arrangement

Dagleg leiar på Kraftstasjonen Andreas Foss var av dei som var nøgd.

– Dette er første gong eg er her, og eg syns det er eit nydeleg arrangement. Det har stor betydning for oss som jobbar med mat som fag at det er skapt eit miljø her i Nordfjord. Alt ligg til rette her med supre råvarer og dyktige produsentar. Det var på tide at det skjedde noko i Nordfjord, meiner kokken frå Husevågøy.

Standen frå Kraftstasjonen serverte bresert boargeit kokt i mellom anna krydra juleøl frå Kinn Bryggeri. Kjøtet vart lagt på pannekake saman med byggryn, kål og sesam, slik at det vart ein tacovariant. Dei serverte også kvit bacalao med klippfisk, toppa med raud saus, sprø kål, bacon og aioli.

Frå Måløy vidaregåande skule var Johanna Utvær og Sander Øen Omberg, begge nyleg ferdig på skulen der Bente Vonheim er lærar, som også var med på stand under gatematfestivalen.

Det var eit breitt spekter i stands. Ordførarane Alfred Bjørlo og Stein Robert Osdal serverte spekekjøt av kystgeit, Kraftstasjonen serverte kvit bacalao med klippfisk frå Snorre Seafood, og Eid Hagelag hadde eigen stand på gatematfestivalen i år, der fokuset var mat du kan lage frå eigen hage. I tillegg til kokkar, var det fleire matprodusentar på stand i Eidsgata.