Skongenes fyr er turfyret i Vågsøy, eit fyr ein må ta beina fatt for å besøke. Cirka ein time tek det, frå hovudvegen på Halsør og ut til fyret, der ein kan nyte stille eller storm i fyrmeisterbustaden, som er DNT-hytte.

Frå Skongenes kan ein sjå vest til Kråkenes fyr, kjend som stormfyret, som står ytst på Kråkenes. Ved sidan av å nyte dei kraftfulle bølgjene er konseptet på Kråkenes SlowTur – eit overnattingstilbod over fleire døgn. Der kan ein seinke skuldrene med massasje til lydane av bølgjene utanfor. Fyret har også ei populær brudesuite.

Her kan du lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region, i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.