Ytre Stadlandet byr på nokre av dei beste surfeplassane i landet. Hoddevik og Ervik har blitt eit surfeparadis for både lokale og tilreisande frå heile verda, og er ikkje lenger ei skjult perle. Hoddevik er plassen for leik i bølgjene, anten det er sommar eller vinter.

Storslått natur og skjerminga frå fjella rundt gjer det til ei spesiell oppleving. Det er mogleg å leige surfeutstyr, ta surfekurs, trene yoga og overnatte i Hoddevik. Campingplass med sanitæranlegg for både camping- og badegjestar finst rett ved sanden.

Her kan du lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region, i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.