Ho har døtrene Filippa (8) og Matea (12) saman med mannen Kai Arild Myrold. Dei fortel at heile familien frå Nordfjordeid «alltid» har delteke på rockefestivalen på heimstaden.

– Då jentene var mindre hadde vi dei også med. Dei fekk på seg øyreklokker og det var ingen problem, fortel Inger Helen Haavik.

Foreldra fortel at dei har vore på Malakoff Rockfestival både som frivillige og publikummarar, og har berre lovord å seie om festivalen.

– Det er rett og slett veldig kjekt.

Rosar arrangørane

Haavik og Myrold er klare på at arrangørane si gode organisering skal ha mykje av æra for at familien på fire trivst så godt på festival.

– Det er utruleg mykje folk på området, men takka vere god planlegging merkar ein ikkje så mykje til det. Det at artistane er fordelt på fleire scener trur vi til dømes er viktig. Ein får litt bevegelse i publikum og ein opplever det ikkje som kaotisk.

Dei trekk også fram gode fasilitetar som ein viktig faktor for å ha gode opplevingar på festivalområdet.

– Vi er jo heldige som bur på Nordfjordeid og kan stikke heimom, men ein har jo det ein treng på området så vi er som regel mest der, seier dei.

Haavik fortel at familien brukar å reise på festivalen saman med andre barnefamiliar, og ser på laurdagen særleg som eit høgdepunkt.

– Laurdagen er veldig fin og lagt til rette for også dei minste. Vi brukar å ha med teppe og sette oss på området og nyte konsertane, fortel ho, og legg til at familien synest Malakoff Rockfestival er flinke på å tilpasse programmet for dei minste.

– Det er veldig bra at nokre av dei største artistane spelar på dagtid, som til dømes Eva Weel Skram.

Familien trekk også fram Malakoff Rockfestival si ordning med gratis inngang for barn under tolv år.

– Det er veldig greitt at dei minste slepp inn gratis, og då kan ein i større grad sjå an og tilpasse helga etter dei minste sine ønsker, seier dei.

Familien skryt også av vakthaldet på området, og er ikkje redde for å sleppe tolvåringen aleine.

– Vi har ein avtale om at mobilen skal vere på og at ein ikkje skal forlate området. Det har gått veldig bra, og vi har ikkje hatt dårlege opplevingar.

Berre gode opplevingar

Matea (12) fortel at heller ikkje ho har hatt ekle eller dårlege opplevingar med å vere på området utan vaksne.

–I fjor var eg på konserten med Kjartan Lauritzen med venninner. Det gjekk heilt fint, og eg kjente meg trygg fordi det var så mange vakter overalt, forklarar ho.

Sjølv om alkoholinntaket blant festivaldeltakarane blir synlegare utover kvelden, er også mamma og pappa fornøgde med vakthaldet på festivalen og lar eldstedottera gå på konsertar også på ettermiddag og kveld.

– Vi må jo så klart sjå an situasjonen. I fjor var Matea på Alan Walker, men då var pappa med. Sjølv om dei er fleire vener som går i lag er dei under observasjon, understrekar dei.

I år håpar jentene at dei nok ein gong skal få sjå Kjartan som spelar klokka eitt, men dei har nok av konsertar på agendaen i løpet av helga.

– Vi gler oss veldig til å sjå både Jackbow, Oselie, Eva Weel Skram, Unge Ferrari, Aurora og Gabrielle, smiler dei.

Filippa (8) ser òg fram til noko anna enn berre konsertane:

– Eg gler meg veldig til å få rockehår! Planen er å farge håret blått!

Tips til festivalliv med barn

  • Ikkje stress frå aktivitet til aktivitet

  • Lat barnet bestemme tempoet

  • Ta pausar

  • Søk skygge

  • Hugs nok drikke

  • Kle av barnet dersom det er varmt i vogna

  • Hugs armband med barnet sitt namn og telefonnummer

  • Ta med øyreklokker til barna

  • Hugs teppe til å sitte på, våtserviettar og solkrem

Kjelde: foreldre.no

Dette kan du ikkje ha med

  • Eigen mat og drikke

  • Grill og anna tenningsutstyr

  • Skarpe gjenstandar (til dømes paraply)

  • Campingutstyr (telt, stolar, luftsofa osv.)

  • Hund eller anna husdyr

  • Video- eller lydopptakutstyr

  • Speilreflekskamera

  • Selfie-stong

  • Flasker og termosar

Kjelde: Malakoff Rockfestival