Namn: Peder Naustdal

Alder: 16 år

Adresse: Nordfjordeid

Sivilstatus: Singel

Yrke: Student

Hobby: Fotball og musikk

Aktuell med: Er vokalist i bandet Jackbow som spelar på Malakoff Rockfestival

– Korleis er det å skulle spele på Malakoff?

– Det er så klart veldig kjekt, men òg litt nervepirrande. Vi vil jo gjere så godt vi kan. Vi gler oss veldig mykje, og håpar det blir like bra som då vi spelte på SommarLutt i fjor.

– Kva kan publikum vente seg?

– Vi skal vise at vi har noko å tilby. Blant anna skal vi spele ei ny låt, og så skal vi ha det morosamt på scena og danse mykje.

– Har de ein rocka stil?

– Ja, men vi prøvar å ha litt materiale som er roleg også. Litt for ein kvar smak, men mest rocka.

– Kven spelar i bandet?

– I tillegg til meg sjølv som er vokalist spelar Håkon Høydal og Andreas Espelund gitar, Karl Oskar Nyberg spelar trommer medan Jacob Hagen spelar bass.

– Har de spelt saman lenge?

– Ja, det er blitt nokre år. Vi høyrer til fem ulike årskull, men det er ingen hindring.

– Lagar de eigen musikk?

– Ja, vi slapp nyleg to eigne låtar på Spotify. Det er rundt ein månad sidan dei vart tilgjengelege.

– Korleis har responsen vore?

– Den har vore veldig god, men det er den som regel frå folk her heime. Låtane har rundt 10.000 og 20.000 strøymingar kvar, så det er vi veldig nøgde med.

– Har de ambisjonar om å leve av musikken?

– Vi håpar i alle fall å få spele litt rundt om kring, men vi vil ikkje sette for store mål med ein gong. Vi vil prøve å vekse.

– Kva betyr det å få spele på Malakoff?

– Det er definitivt noko som skapar moglegheiter for oss, og vi er takksame for at vi får sjansen.

– Har de fleire spelejobbar i sommar?

– Nei, men til hausten og fram mot jul skjer det litt. Blant anna skal vi spele akustisk konsert i Gymmen på Eid saman med Oslo S. Det er stort!