Namn: Svein Inge Leirgulen

Alder: 47

Bustad: Haslum i Bærum, kjem frå Leirgulen

Sivilstand: sambuar

Yrke: direktør for kommunikasjon i Tekna

– Kva planar har du for sommaren?

– Har vore på Ibiza og i Selje, og no er eg på siste ferieveka i Leirgulen. Planen er blant anna å gå til Vetvika og på Hornelen. Eg skal også utforske ukjente stadar med dronen mi og teste den nye langbua. Og så vert det ein tur på Grotlesanden.

– Når slår feriekjensla inn?

– Må vekk ifrå heimen og jobb-laptop. Mykje god nostalgi frå lukta av nyslått gras, traktordur og sauebreking.

– Kor hadde du reist med uavgrensa budsjett?

– Då hadde eg reist tilbake i tid for å gå på fest i Skatestraumen og på Vingelven. Her var det eit yrande folkeliv for mange tusen år sidan.

– Kor ville du tatt med deg dine sommargjestar?

– Ville ha vist dei alt det urørte og dramatiske som ytre strok har å by på – ut på fjorden og opp på fjella; Hornelen, helleristningsfeltet på Vingen, Kalvåg, og ikkje minst strendene i Bremanger, Vågsøy, Stad og Selje. Fisking og krabberaking høyrer og med.

– Kva fjelltopp er den finaste?

– Eg vaks opp med den magiske Hornelen rett i åsynet frå stuevindauget. Å klatre opp på toppen er det råaste på alle måtar.

– Kva bok anbefaler du?

– Den ramsalte «Havboka» av Morten A. Strøksnes. Den skildrar livet og jakta på ei gigantisk håkjerring i Lofoten på ein innlevande måte. Vi vestlendingar kjenner oss godt igjen.

– Kva tenker du om å ta ferie frå sosiale medium?

– Tok faktisk Facebook-detox i jula og det gjekk det so bra at eg knapt har vore innom sidan. Men det er kjekt å følgje og dele bilde med vener på Instagram, og filmar på Snapchat.

– Kva eldsjel fortener ein kurv med jordbær?

– Ei av eldsjelene som jobbar for at havet ikkje skal forsøplast meir av plast og anna skit, Simen Knudsen. Han har stått på for å halde Hoddevika rein i mange år, og har oppnådd stort merksemd om dette.