Havsalt sommar:

Sandstrand i sentrum

Her får du tips om kva du kan gjere som turist i vår eigen region.

  Foto: Siri Kolseth

Kultur

I ly for storhavet ligg Seljesanden i Selje kommune. Berre eit steinkast frå sentrum ligg den 500 meter lange sanden, som raskt fyller seg opp på fine sommardagar. Sanden er ein populær stad for både lokalbefolkning og tilreisande turistar. Sanden ligg mellom sentrum og Selje kyrkje. Sanden har utsikt mot heilag- og klosterøya Selja. Rett ved sanden finn ein servicebygg med toalett og dusj.

Her kan du lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region, i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.