Måløy Havfiskefestival:

Fiska seg til siger i folkekonkurransen

Folkeliv, barneaktivitetar og endå meir fisk er stikkord på havfiskefestivalens andre dag.
Kultur

På programmet stod mellom anna folkekonkurranse i havfiske. Daniel Jensen drog i land sigeren med den største fisken i folkekonkurransen - ei lange på 4,26 kg. Øyvind Gillesvik vann juniorklassen med ei hyse på 1,74 kg. I kvinneklassen var det Jorunn Ringstad som stakk av med sigeren med ein lyr på 2,72 kg. Kåre Midthjell i seniorklassen tok ein sei på 2,92 kg.