Havsalt sommar:

Legg til rette for opplevingar

Her får du tips om kva du kan gjere som turist i vår eigen region.
Kultur

Rogier van Oorschot og Norway Adventures tilbyr skreddarsydde naturopplevingar til fjells og til havs med kajakkturar, havkajakkurs og temabygging. Selskapet har base på Davik og nyttar seg av naturen for å skape fine naturopplevingar for enkeltpersonar, familiar eller grupper. Dette kan vere sykkelturar, guida kajakk-  eller fjellturar. Under Klenkarberget sommarcamp, står Norway adventures for ei av vekene, der dei eldste av borna kan vere med på utfordrande friluftsaktivitetar i Hjelmelandsdalen.

Her kan du lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region, i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.