Havsalt sommar:

Koseleg klemmekrok

Her får du tips om kva du kan gjere som turist i vår eigen region.

  Foto: Kari Midtgård Råsberg

Kultur

Visste du at ein god klem mellom anna kan seinke blodtrykket og nivået av stresshormon i kroppen? Det er med andre ord både koseleg og sunt å setje seg ned ved klemmekroken i Eidsgata. Her kan ein sitte ei stund og ta livet med ro, og gi eller få ein klem. Klemmebenken oppfordrar til nærleik, og på skiltet over benken står det «klemming er sunt, året rundt».

Her kan du lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region, i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.