Namn: Kristine Lyngbø

Alder: 20

Bustad: Bremanger

Sivilstand: singel

Yrke: lærling, helsefagarbeidar

– Kva planar har du for sommaren?

– Har vore i Hønefoss på Fagforbundet ung si sommarkonferanse, og reist rundt med LO si sommarpatrulje i Nordfjord og Sunnfjord. Fekk med meg Rockweekend, Malakoff og Kystfestivalen og no vil eg berre ha det skikkeleg moro med vener.

– Kva har du alltid med i kofferten, og kva er ditt beste pakketips?

– Har alltid med reint undertøy. Beste pakketips er å pakke minst mogleg, sjølv om eg er elendig på å gjere nettopp det sjølv.

– Når slår feriekjensla inn?

– Første dagen med fint vêr. Eg jobbar ein del lange vakter, så har ein del fri i strekk, så det har nok gjort at eg har hatt kjensla av ferie i heile sommar.

– Kor hadde du reist med uavgrensa budsjett?

– Ville tatt med meg venninnene mine Stine og Mari og reist verda rundt i eit halvt år. Ville vore innom Maldivene, Hawaii, Thailand, Afrika og Australia. Og sjølvsagt byar som Paris og Amsterdam.

– Kva kjendis ville du tatt med til ei aude øy?

– Vidar Villa. Då kunne vi synge norske sommarlåtar saman medan sola gjekk ned i havet.

– Kor ville du tatt med deg dine sommargjestar?

– Grotlesanden og Kalvåg. Og tipsa dei om Hornelen og Via Ferrata i Loen.

– Blir du vêrsjuk om regnet høljar ned?

– Ja, eg brukar å bli det, og vil då aller helst booke ein tur til varmare strøk. I år har eg merka lite til det, då vi har vore ganske heldige med vêret.

– Kva fjelltopp er den finaste om sommaren?

– Veten utan tvil. Å sjå utsikta ned til Grotlesanden ein varm sommardag er det ein kallar magi!

– Kva bok anbefaler du?

– Eg les ikkje så veldig mange bøker, men har lyst å lese Drømmen om en baby av Julianna Nygård.

– Kva serverer du helst ein sommardag?

– Reker og vin, til dei som er gamle nok.

– Kva eldsjel fortener ei korg med jordbær?

– Alle dei flinke folka som gjer at vi får oppleve både Rockweekend og Kystfestivalen kvart år.