– Eg gler meg, men eg er nervøs for ikkje å treffe tonane, seier Kvernevik.

Til hausten byrjar ho i 9. klasse på Vågsøy ungdomsskule og ho syng mykje saman med bestevenninna si.

– Vi har sunge saman på nokre skuleavslutningar og slikt, og så song eg på The Young Ones under festivalen i fjor. Men dette blir den største konserten eg har vore med på, seier 14-åringen, som skal framføre elvissongen Can’t Help Falling In Love under årets kyrkjekonsert.

– Kyrkjekonserten har blitt ein utruleg populær konsert. Det som er vår utfordring er at forventningane frå publikum med tanke på kvalitet og innhald stig kvart år. Men det er ei kjekk utfordring for oss. Vi har verkeleg noko å leve opp til arrangementsmessig frå år til år, men den utfordringa tar vi på strak arm. Eg er 100 prosent sikker på at denne utgåva blir like bra som dei tidlegare åra. Det blir ei fantastisk oppleving, seier Lars Kjølen.

Isak Søraa skal også i år delta på kyrkjekonserten. Han har vore ein sentral artist på fleire av elvisfestivalane. Her på kyrkjekonserten i Sør-Vågsøy kirke i fjor.

Med på årets konsert er artistane Jay Dupuis, Eddy Popescu, Morgan Vøien, Isak Søraa, Johnny Reel, Terje Våge, Kristian Lysebråte, Line Tandberg, Nadja Kvernevik og The Brothers «S».

– Sistnemnde blir ei fantastiske overrasking for dei som dukkar opp på kyrkjekonserten. Det blir veldig bra, seier ein løyndomsfull festivalsjef, Helge Hjelle.

– Ein god stad å arrangere

Lars Kjølen gir kyrkjerommet ein del av æra for at kyrkjekonserten under festivalen har blitt så populær.

– Både publikum, artistane og vi som arrangørar meiner det er noko spesielt med konsertar i kyrkja. Det er ei spesiell stemning i kyrkjerommet, meiner Kjølen.

Han peiker også på at gospelmusikken er eit godt trekkplaster i seg sjølv.

– Ei veldig stor og sterk side ved Elvis er gospelmusikken. Dette var noko han var oppteken av gjennom heile si levetid.

Arrangørane har bestemt seg for at det blir sett opp to kyrkjekonsertar torsdag.

Eddy Popescu deltok på fjorårets kyrkjekonsert, og han blir igjen å sjå på årets utgåve som har fått namnet We Can Make The Morning. Konserten er i Sør-Vågsøy kirke.