I skrivande stund er Sindre Oksholen med kongeskipet Norge til Svalbard. No skal han segle ein månad, og Oksholen fortel at noko av det beste med jobben er nettopp det å vere på sjøen.

– Eg synest det er heilt fantastisk å jobbe på kongeskipet, og det er takka vere fleire ting. Mellom anna har vi moglegheit til å sjå oss rundt når vi ligg til kai, og det å få oppleve perlene langs norskekysten gjennom jobben her er noko eg set stor pris på, fortel han.

Han legg til at han trivst med dei andre som jobbar på skipet, og fortel at kvardagen på jobb er morosam, til trass for at mannskapet må vere profesjonelle.

– Det er veldig god stemning, men dette er jo på mange måtar kongefamilien sin yatch, så vi har ein del restriksjonar, forklarar han.

Hamna om bord tilfeldig

Oksholen er utdanna kokk frå Måløy vidaregåande skule, og fortel at det var tilfeldig at han hamna om bord på kongeskipet.

– Eg fekk jobben gjennom førstegongstenesta. Det var eigentleg slik at eg skulle inn i forsvaret i april i år, men så fekk eg høyre av ein kompis at kongeskipet ikkje tok inn folk frå aprilkullet. Då var eg snar med å forsere militæret, fortel han.

Oksholen fortel at etter rekrutten på Madla så bar til det han kallar spesialintervju, kor han var éin av tjue søkarar.

– Alle som søkte om å få bli kokk på kongeskipet hadde jo fagbrev, så eg veit ikkje akkurat kvifor det vart meg. Eg har sikkert vore flink å prate for meg, ler han.

Gir MVS litt av æra

Men kokken frå Vågsøy legg likevel ikkje skjul på at han både har god erfaring og gode referansar med seg.

– Eg har tidlegare vore lærling for Bekkjarvik Gjestgiveri. Det er drive av Ørjan Johannesen, og eg vart merksam på han då vi var på studietur til Stockholm og såg han konkurrere i europameisterskapet i kokkekunst.

– Eg fann ut at eg ville prøve å få plass hos dei då vi skule ha utplassering gjennom skulen. Det gjekk i boks, og deretter leverte eg inn ein søknad om å bli lærling, fortel han, og held fram:

– Det gjekk i boks, og eg enda opp med å vere der i to år som lærling og eitt halvt år som kokk.

21-åringen trekk fram kokkelinja ved Måløy vidaregåande som ein viktig faktor for moglegheitene han har fått.

– Eg trur det at eg har gått i Måløy har vore ein viktig del av å forme meg, samt at det har vore eit slags springbrett, seier han.

Oksholen fortel at han mellom anna har fått erfaring knytt til å jobbe på båt.

– Eg har vore utplassert både på supplybåt, hurtigruta og skulebas gjennom MVS, seier han.

Kokken fortel at kokkelinja ved skulen i Måløy òg er den einaste i landet som gir IMO60-kurs.

– Dette er eit kurs ein må ha for å kunne jobbe på større båtar, og tek føre seg grunnleggande sikkerheit for alle som jobbar på sjøen, slik som livredning og førstehjelp, fortel han, og rosar samtidig Bente Iren Vonheim som er lærar ved linja.

På spørsmål om kor vegen går etter kongeskipet, fortel Oksholen at ein restaurant truleg blir neste stopp.

– Dersom eg kunne hatt denne jobben fast ville eg ha søkt, men ein kan dessverre berre ha den gjennom førstegongstenesta.

Oksholen skal vere på kongeskipet til desember, og sjølv om han ikkje veit nøyaktig kor han endar på nyåret er jula likevel fastsett:

– I julebordssesongen skal eg hjelpe til på Kraftstasjonen, og det gler eg meg til!