Rundt 700 fekk med seg den fantastiske opninga

Til saman møtte 700 menneske opp på dei to konsertane i Sør-Vågsøy kirke som markerte opninga av årets utgave av Elvisfestivalen torsdag kveld. 
Kultur

Interessa var så stor for kyrkekonserten at arrangøren sette opp ein ekstra konsert. Det var trengsel og kyrkja verka full også på ekstraførestillinga, men billettansvarleg Liv Hilde Gotteberg opplyser at det var nokre plassar ledig på galleriet.