Søraa-brørne opptrådte saman for første gong

Veslebror Espen kom heim frå Hamar og stod på scena saman med brørne Isak og Sverre for første gong under Elvis-konserten i Sør-Vågsøy kyrkje torsdag kveld.
Kultur

– Vi vaks opp i ein heim på Raudeberg med mykje song og musikk. Alle likte Elvis. Musikkinteressa er noko vi har teke med oss, og alle er framleis aktive, mellom anna syng eg i kor. Men dette er første gong alle tre opptrer saman, seier Espen Søraa (48). Sverre er 54 år medan eldstebror Isak er 57.