– Vi syns det er veldig kjekt å få vere med. Vi har vore med på festivalen ein gong før, men då i ei litt meir beskjeden rolle. For tre år sidan spelte vi på dagtid i gata, men då vi i år fekk spørsmål om å vere med å spele i teltet på kveldstid, så kunne vi ikkje la det gå forbi oss. Det høyrest spennande og kjekt ut, seier leiar i musikklaget, Johan Wåge.

– Dette ser vi fram til og store forventningar til. For å bruke eit svensk uttrykk, så kjem det til å bli ein rysare, lovar Lars Kjølen i festivalleiinga.

Dei forsøker så langt det er mogleg å la lokale artistar sleppe til på festivalen.

Byggjer ei ny scene

Torskangerpoll Musikklag skal saman med bandet Sideshow Bob og deira korgruppe framføre om lag 20 nummer frå scena i festivalteltet. Dette showet, som har fått namnet «Elvis Galla», blir i forkant av kveldens fem minishow, og er eit nytt tilbod under festivalen.

Arrangørane skal bygge opp ei ny scene, der det plar vere danseplass i teltet, som musikklaget skal sitte på. På den måten kan det bli ei «rolegare» atmosfære i teltet. På scena under denne konserten blir det rundt 45 aktørar.

Vil attskape elvismagien

I etterkant av konserten med musikklaget blir den ekstra scena fjerna, og det er klart for kveldens fem minishow.

Tributeartistane som skal i aksjon denne kvelden er Jay Dupuid, Eddy Popescu, Morgan Vøien, Isak Søraa og Johnny Reel. Arrangørane legg til at fleire artistar blir å sjå på scena denne kvelden.

– Her ønskjer vi å attskape elvismagien som gjorde at folk kom frå heile verda for å oppleve Elvis live i USA i perioden 1969 til 1977.

Les vårt magasin for Elvisfestivalen her.