Namn: Margrethe Hamre

Alder:47

Bustad: Stårheim

Sivilstand: gift

Yrke: frisør

– Kva planar har du for sommaren?

– Skal reise til Alanya/Oba, der vi har leilegheit.

– Kva har du alltid med deg i kofferten?

– Til Tyrkia har eg alltid med meg Norvegia-ost, Lerum sylte og Friele-kaffi.

– Når slår feriekjensla inn for fullt?

– Når alle er komne i bilen i retning Gardermoen.

Kva er ditt beste ferieminne?

– Eg vil alltid hugse turane til Drammen som eg var på kvar sommar med besteforeldra mine då eg var yngre. På dei turane fekk eg nesten alt eg peikte på, eg var verkeleg gullungen deira. Det unner eg alle å oppleve.

– Kor hadde du reist med uavgrensa budsjett?

– Det høyrer veldig travelt ut. Kanskje eg kunne reist ein plass og delt ut pengar til fattige.

– Kva kjendis ville du tatt med til ei aude øy?

– Det blei så vanskeleg å velje at då lyt eg nesten få med meg både Kevin Costner og Bruce Willis.

Kor ville du tatt med deg dine sommargjestar?

– Eidsgata, Kalvåg, Loen, Olden eller til ei anna nordfjordperle.

– Blir du vêrsjuk om regnet høljar ned?

– Eg liker alle årstider like godt, vêrsjuk har eg aldri vore.

– Kva gjer du i hagen i sommar?

– Fint lite, men i blant sitt eg og ser på når mannen min klipper plen.

– Kva fjelltopp er den finaste om sommaren?

– Hornelen hadde den beste utsikta no i sommar.

– Kva er ditt beste festivalminne?

– Malakoff.

– Kva bok anbefaler du å lese?

– To søstre med Åsne Seierstad.

– Kva tenker du om å ta ferie frå sosiale medium?

– Sosiale medium er tidsfordriv, så det hadde eg nok klart meg lenge heilt utan.

– Kva eldsjel fortener ein kurv med jordbær?

– Eldsjeler er det mange av, så her kunne eg svart med ei A4-side. Ingen nemnt, ingen gløymt.