– Eg byrja høyre på Elvis då eg var 13-14 år, det var midt i glansperioden hans kring 1973-74. Då han døydde 16. august 1977, hugsar eg at eg var på veg til Tyskland. Overalt på turen høyrde vi på radioen «The King is Dead». Sidan har Elvis alltid vore med meg. Eg høyrer Elvis-musikk dagleg, og har også vore på Graceland, fortel Bjerkås Olsen.

Ho tek oss med ut av teltet og viser oss bilen sin. På skilet står ikkje eit vanleg nummer, men derimot Elvis 7. Inne i kupeen finn vi bilete av Elvis på setetrekka framme. Ho har også t-skjorte med bilete av Elvis.

– Eg har ansvaret for logistikk. Då får eg også bli litt kjent med artistane. Det er viktig at vi får dei til å trivast, slik at dei har lyst å kome att.

Ved eit av langborda i salen treff vi ein gjeng kvinner frå Vågsøy. Dei kosar seg stort.

– Klart vi støttar Elvisfestivalen, eg har vore her alle fem åra. Det er veldig bra.  Eg skal laurdag også. Artistane er flinke. Eg synes det er bra at arrangøren klarer å variere artistane frå år til år. Men det er greitt at Isak er med kvart år, sidan han er lokal. Eg har vakse opp saman med han, seier Berit Loe frå Raudeberg, ei av kvinnene ved bordet.

Dei fortel at fire av dei har vore på vorspiel før dei gjekk i festivalteltet.

– Det er fin musikk og sjølvsagt er det veldig sosialt. Vi hadde det veldig morosamt på vorspielet og no kosar vi oss her.

– Vi er tre kameratar som er her. I fjor sommar var vi også på tur til Måløy, og då trefte vi Helge Hjelle som sa vi måtte kome att på Elvisfestivalen i år. Og det gjorde vi. Vi har det heilt topp, fortel Geir Lyshaugen.

Amerikanaren Jay Dupuis leverte eit energisk sceneshow og var i sentrum på Elvis-gallaen i festivalteltet.