– Eg ser potensial for å selje boka til inntekt for eit velgjerande formål. Om eg sit på noko som kan generere pengar til humanitær organisasjon, så gjer eg det for å hjelpe andre, sjølv om eg står med hjartet i handa og går utanfor komfortsona, seier Ingeborg Sol Fure (38).

Fure har skrive heile livet, for nokre år sidan starta ho å publisere tekstar på Instagram-profilen sin. Etter «mas» frå følgjarar om å gi ut bok, vart eit frø planta, og i november kjem boka krydra med bilde frå vestlandsnaturen ut.

Nordfjord, Sunnfjord og Sogn

38-åringen kjem frå Måløy, og bur i Førde der ho jobbar som seljar i NorEngros. Gjennom Instagram-kontoen hennar Solfure tek ho dei 15.300 følgjarane hennar med på ei reise gjennom vestlandsnaturen med flotte naturbilde og sjølvskrivne tekstar.

Natur: Fjord, fjell og tekstar er typisk frå Solfure sin Instagram-profil.

– Eg er litt sjølvutnemnd ambassadør for Sogn og Fjordane, det er den vakraste plassen på jord, smiler Sol Fure.

Det er dette som no blir bok.

– Eg skriv om kjensler og stemningar som kan vere vanskeleg å sette ord på for mange. Eg prøvar å formidle gjennom bilde og ord, og så er det opp til den som les det å tolke det. Vi er alle ulike, seier ho.

100.000 kroner

Boka gir Ingeborg Sol Fure ut sjølv og sel den gjennom Instagram-profilen hennar og organisasjonen Dråpen i havet. Det førebelse opplaget er på 600, og Sol Fure reknar då med eit overskot på 100.000 kroner til Dråpen i havet. Dette er ein humanitær bistandsorganisasjon som har som mål å hjelpe menneske på flukt, i hovudsak barn og deira mødrer.

– Dei har gjort eit sterkt inntrykk på meg. Og så har fleire av vennane mine vore i Lesvos for å hjelpe, seier Sol Fure.

I slutten av september går boka på 100 sider i trykken og Sol Fure fortel allereie om god respons.

– Berre på seks dagar hadde eg eit førehandssal på 53 bøker, seier Sol Fure.

Ho blir glad for både fleire førehandssal og sponsorar, bok blir det uansett.

– Tekst og bilde har eg klart. Layout og oppsett gjer eg sjølv, eg må berre finne ut av korleis eg gjer det. Men det ordnar seg, det kan ikkje vere så vanskeleg, smiler ho.