Namn: Jonny Bakke

Alder: 49

Adresse: Davik

Sivilstatus: gift

Yrke: sjølvstendig næringsdrivande

Hobby: jakt og fiske

Aktuell med: er dagleg leiar i Abbel tradisjonsmat, som arrangerer Abbeldagane på Davik fredag og laurdag.

– Kva skjer på Abbeldagane?

– Det blir litt tilbake til røtene med tradisjonsmat. Vi lagar til ulike standar der vi viser korleis vi lagar til mat frå grunnen av på Famen på Davik.

– Kva mat skal de vise fram?

– Der skal vi ha flatbrødbaking, rømmegrautkoking og lapskauskoking, vi skal lage ulike typar pølse, ha ølbrygging, og så skal vi ha mange ulike salsboder med spekemat og mange flinke som driv med strikking og handarbeid. Eg trur det blir 17–18 boder.

– Kvifor lagar de til Abbeldagane?

– Det er rett og slett for å vise fram det vi styrer med sjølvsagt. Det er dette med å få fram korleis ein lagar husmannskost.

– Kva skjer elles på Abbeldagane?

– Det blir jamsession fredag med Ti aldrande menn. Der kan alle som vil bidra musikalsk, spele eller synge. Dette blir i samfunnshuset Davang. Og så blir det også dans på samfunnshuset laurdag. Alle som har campingbilar eller -vogn kan parkere ved Farmen.

– Blir det ein fast tradisjon dette?

– Vi håpar det. Det var suksess første året, då var 600 personar innom. Langt over det vi hadde planlagt. Vi gjekk tidleg tomme for rømmegraut, og det håpar vi skjer i år også. Ikkje fordi vi lagar for lite, men for at det kjem mykje folk. Vi skal koke 110 liter i år.

– Så det blir litt av ein folkefest på Davik i helga?

– Det blir det! Det er kjekt at det skjer noko, og det er jo ein av årsakene til at vi arrangerer dette. Det skjer ikkje allverda med tilstellingar her i bygda. Og i år er det lettare å lage til enn i fjor. Fleire har lyst til å vere med på å lage til.

– Kva ser du mest fram til sjølv?

– Eg ser fram til at det kjem grenselaust mykje folk her. Det hadde gleda mitt hjarte. Elles blir det mykje arbeid for min del, men om det kjem mykje folk så er det verdt det.