Namn: Inger Igland Kvamme

Alder: 58

Bustad: Hauge i Bremanger

Sivilstand: gift

Yrke: barne- og ungdomsarbeidar ved Hauge oppvekst

– Kva planar har du for sommaren?

– Har hatt ein flott sommar, der også vêret har vore topp. Vi har reist rundt i sør-Norge både langs kysten og i fjellheimen. Eg har vore her i Bremanger på den tida heile familien min ynskjer å komme heime, kring Rock Weekend. Då har vi kosa oss i lag alle, store og små.

 – Kva har du alltid med deg i kofferten, og kva er ditt beste pakketips?

– Myggolje, for eg er allergisk. Eg skriv alltid pakkeliste før eg pakkar, for å unngå å ta med for mykje eller gløyme noko.

– Når slår feriekjensla inn?

– Når vi køyrer bubil, så er det når vi kjem til Lom og kjenner lukta frå bakeriet. Då er det på tide med eit kaffistopp hos Schakenda.

– Kva er ditt aller beste ferieminne?

– Eg er veldig glad i sørlege Kroatia, Dalmatia og har nokre favorittar der som har gjeve meg mange gode sommarminne.

– Kor hadde du reist med uavgrensa budsjett?

– Det er mange plassar eg kunne tenkt meg å besøke. Utanfor Europa har eg kun vore i Canada. Det landet ville eg gjerne sett meir av, Asia, Afrika og USA hadde vore interessant, det er uendeleg mykje å velje i.

– Kor ville du tatt med deg dine sommargjestar?

– Vetvikja og Grotlesanden som er nokre av favorittane i Bremanger. Ein tur i Viadalen ville og vere fint for gjestane mine.

– Blir du vêrsjuk om regnet høljar ned?

– Ja! Eg er glad i sol og varme. Sommar med berre regn er trasig, då ynskjer eg meg vekk.

– Kva gjer du i hagen i sommar?

– Litt stell av blomster. Har ikkje akkurat så grøne fingrar, men nyt den i fint vêr.

– Kva er ditt beste festivalminne?

– I år vart det Odd Nordstoga/RockWeekend. «Tupelo» i Vetvikja 2014, vil eg aldri gløyme.

– Kva eldsjel fortener ein kurv med jordbær?

– Bror min Roger Igland, for alt arbeidet han gjer for arrangementet RockWeekend. Han må få meir enn ei korg slik at han kan dele med resten av styret.