Mange folk møtte opp for å få med seg Abbeldagane som i år blei arrangert for andre gang. Det er bedrifta Abbel Tradisjonsmat AS som står som arrangør.

Vêret viste seg laurdag frå ei særs dårleg side, men publikum kunne trekke inn i Abbel sine lokale, der dei fekk sjå gamalt mathandverk, som flatbrødbaking, rømmegrautkoking og lapskauskoking. Det blei også demonstrert korleis ein lagar ulike typar pølse, der var ølbrygging og mange ulike salsboder med spekemat, strikking og handarbeid.

Totalt var det rundt 17–18 boder.

Les heile saka om Abbeldagane og Abbel Tradisjonsmat i Fjordenes Tidende si papirutgåve tysdag.