– Vi har engasjert oss i arbeidet med møteplassar for at folk skal bli kjent på tvers av den nye kommunen. I dette arbeidet er frivillige lag og organisasjonar svært viktig, seier ordføraren, som er imponert over kva ein har fått til på Bryggja.

– Det har blitt eit uvanleg flott anlegg. Det har vore ein kolossal dugnadsinnsats, og dette er verkeleg eit godt døme på kva ein fått til når bygda går i lag, slår han fast.

Det var 4H, Bryggja utviklingslag og Stad 2020 som inviterte til opning av den nybygde gapahuken på «Draumeplassen» søndag. På programmet stod guida tur til Staurdalseggja, aktivitetar ved Lefdalsvatnet og natursti frå Naveosen til Draumeplassen med spørsmål om Bryggja, 4H og Stad kommune.

Ordføraren fortel vidare at ein i nye Stad kommune håpar å få til fleire møteplassar.

– Dette er noko vi skal jobbe mykje meir med i Stad kommune. Målet er å skape små og store møteplassar.