Drøymer om fleire møteplassar

Eid-ordførar Alfred Bjørlo var ein av dei som fekk klippe snora til den nye Draumeplassen på Bryggja. Han meiner møteplassar er viktig for at folk i den nye kommunen skal bli kjent.
Kultur

– Vi har engasjert oss i arbeidet med møteplassar for at folk skal bli kjent på tvers av den nye kommunen. I dette arbeidet er frivillige lag og organisasjonar svært viktig, seier ordføraren, som er imponert over kva ein har fått til på Bryggja.

– Det har blitt eit uvanleg flott anlegg. Det har vore ein kolossal dugnadsinnsats, og dette er verkeleg eit godt døme på kva ein fått til når bygda går i lag, slår han fast.